pinkrobots
For ei stund sidan kunne vi spå at The Pink Robots ville kome til å erobre Noreg. No har erobringsballen starta å rulle: dei vart i dag kåra til “Årets Urørt”! Knappe 125 stemmer skilte førsteplassen fra Kvelertak, og det er berre å gratulere gjengen med seieren! Hans Christian Helgesen, John-Erik Åhjem, Line Dybedal Vederhus, Jens Petter Haugan og Christoffer Vighals Smedaas, som har sin første konsert etter seieren allereie i morgon, har brukt tida fram til no på å mastre debutalbumet sitt i Abbey Road – så det er berre å gle seg til vinteren med The Pink Robot sitt nye materiale!

Gratulerer!