
Allright, folkens! No er det er dags for å kome med neste anbefaling på kvar du bør opphalde deg i framtida. Laurdag 28 november, The Villa. Heroes & Zeros, som underteikna har sett 5 gonger berre i år (og ikkje kan få nok), skal dele scene med YTO Solreiser! Heroes & Zeros slapp i år plata “Simian Vices Modern Devices”, ei plate som absolutt burde vere med på topp 10-lista for norske album. “Simian Vices Modern Devices” er eit album med vakre låtar, frekke riff og saman med den såre stemma til Hans Jørgen Undelstvedt, har albumet fått våren, sommaren og hausten til å gå unna i eit harmonisk tempo.
YTO Solreiser har blitt beskive som noko av det friskaste frå den tyngre delen av norsk musikkundergrunn på årevis. “YTO Solreiser har blitt beskrevet som “Noe av det friskeste fra den tyngre delen av norsk musikkundergrunn på årevis. Med sin uredde og kompromissløse hang til sjangerblanding og kreativt formspråk, viser bandet en unik vilje til nyskaping og eksperimentering med utgangspunkt i en sjanger, kanskje mest kjent for konservativ tradisjonalisme og nostalgi. YTO spør heller ikke lytteren om det er greit at de gjør sånn og sånn, de slenger det i trynet ditt med nerve og energi som oser av råskap, autoritet og beinhard musikalsk dyktighet.” (NRK P3) YTO Solreiser slapp i år debutalbumet deira, “YTO Solreiser”, der plata i dei fleste anmeldingane vert omtalt med formuleringar som “ekte ballegrep”, “brutalt ballegrep” og “kledeleg ballegrep”. Debutalbumet er groovy, stemningsfullt, komplekst, og lite forutsigbart. Absolutt eit friskt pust i den norske musikken!

Så, kva kan ikkje vere betre ein laurdagskveld enn å få vitne desse to norske skattane?













