pinkrobots

Det var ikkje så stort publikum i går, men det var stort likevel. The Pink Robots viste nok ein gong at dei er gull verdt. Denne gongen i 2. etage på Internasjonalen. Hans Christian Helgesen og resten av gjengen sjarmerte oss i senk! Med “gamle” og nye låtar kan ein berre sjå fram til framtida med The Pink Robots på anlegget. 2. februar er dagen for platesleppet, og vi kan ikkje anna enn å gle oss. Stemma til Helgesen er rå. Stemma til Line Vederhus er nydeleg. ‘Macintosh’ er så lystig kul at du får lyst til å gå rett heim og sette den på anlegget og danse rundt til nokon må fysisk stoppe deg. ‘Washingmachine’ er ein garantert slager. Og ‘Curly’ må for all del ikkje i gløymeboka, den får dei fleste til å synge med! Og det kunne virke som om samtlege i 2. etage på Internasjonalen kunne teksten utanat. Eg treng vel ikkje skrive at dei som ikkje var der gjekk glipp av noko stasleg, men eg vel å skrive det likevel. Hald dykk fast, The Pink Robots vil erobre Noreg. Det er berre snakk om eit lite, lite tidsrom. Gle dykk til noko av det mest sjarmerande musikk-Noreg har å by på!