l_c0ad0efb055a4f3db9d243d5e4550c3d
“Port O’Brien began as the bedroom recording project of Van Pierszalowski and Cambria Goodwin.” Bandet frå Cambria i California er no på Europaturné, og kjem til Oslo komande fredag. Det som er dealen med Port O’Brien, er at musikken er så koseleg at det nesten er skummelt. I år gav dei ut albumet “Threadbare” (inneheld låta “Oslo campfire”), oppfølgaren til “All we could do was sing”, eit album som førte dei til Blå og skapte seg eit framifrå rykte her til lands. “All we could do was sing” (2008) beskriv livet Van og Cambia levde gjennom dei evigvarande somrane i Alaska. Van er ein fiskarmann, som brukar somrane sine på faren sin fiskarbåt langs kysten på Kodiak Island. Q-magazine skreiv følgande: “Fisherman’s Son captures the bleak beauty of the frozen wilderness. If it inspires music like this, they shouldn’t give up their day jobs just yet.”

Som Luciano Pavarotti sa; “Å lære å nyte musikk ved å lese om det, er som å elske gjennom e-post.” Om du skal lære å nyte musikk, eller fortsette å nyte musikk om du vil, så bør du ta turen til Parkteateret fredag 27. november og oppleve vakre Port O’Brien.