ATT11442 1Christian Scharning skal gjere sitt beste for å gje deg festens klimaks i morgon på Blå.
Denne kvelden kan du også få vitne det nokså “hemmelige” bandet JJ, som du kanskje vil få ei slik “aha, dette var nice”-oppleving av. Tidleg dette året slapp dei sin debutsingle “JJ n° 1″, og nokon månadar seinare kom debutalbumet deira “jj n° 2″. Det svenske bandet, som framleis er relativt uidentifiserbare, vil gi deg svale gitarriff leda an av ein fløyelsmjuk kvinnevokal med hint av god, gammal indiepop. Andre låtar bevegar seg meir mot hip-hop som i låta “Ecstasy” der Lil’ Wayne sin hit «Lolipop» er sampla inn. Det er uvisst kor mange som vil entre scena i morgon kveld, om dei vil låne masker av Bjørn Hellfuck for å halde identiteten skjult, eller om vi vil få sjå kven dei er i det heile. Men ein ting kan Klubb Trash Kassett love oss; dette kjem til å bli heilt magisk!