trueromance

Om du ikkje har planar 1. desember bør du setje av kvelden til den første luka (og kanskje den beste?) i julekalendaren din. Då blir det topp stemning på Blå!  For snaue 145 kroner kan du vere med på eit storarta show. Karane i Golden Silvers vil garantert få deg i godt humør med låtane frå debutalbumet “True Romance”. Plata er spekka med fancy rytmer og godt humør. Eg kan ikkje anna enn å anbefale deg på det sterkaste å stikke innom Blå denne kvelden. Rockefoten vil gå av seg sjølv til funky rytmer. Du vil ikkje gå glipp av dette, eg lovar.

Arrows of Eros

True Romance (True No. 9 Blues)