massive

Det er ti år sidan Massive Attack besøkte Noreg sist, eit utselt Sentrum Scene er klare for reunion, noko Robert Del Naja ikkje er klar over.

Kulda ute er det ingen som merkar noko til. Inne er det varmt og klamt. Rastlaust går publikum frå og til baren i håp om at Robert Del Naja og Grant Marshall skal entre scena. Det er begynt å bli ei stund sidan applausen for Martina Topley-Bird, tidlegare Tricky-vokalist, roa seg.

Sakte vert lyset i utselde Sentrum Scene dempa og baren tømd. 1800 andlet snur seg mot scena og auga er forventningsfulle, lyden av klapping, jubling og plystring går over til tunge rytmer som endar opp i den så langt ukjende låta ”Bulletproof Love” (Splitting The Atom). Fire låtar går før nostalgien angrip publikum med den 11 år gamle  ”Risingson”. Ein gjeng framme ved scena let att auga og bøyer hovudet bakover, slik står dei heilt til låta er over og jubelen tek overhand. Like god stemning er det dessverre ikkje når Martina Topley-Bird  kjem tilbake for å framføre ein av dei mest kjende låtane til Massive Attack, ”Teardrop”.  Låta frå albumet ”Mezzanine” (1998), som også er kjend for å vere kjenningsmelodien for den amerikanske tv-serien House, var framført på ein statisk og kald måte.

Gløymsk Del Naja
–  Have we been in Oslo before?  Robert Del Naja spør publikum som tydeleg ikkje har gløymt deira siste besøk. – Yes! Kjem det frå publikum, som refererer til Rockefeller og  Spektrum i 98 under Mezzanine-turnéen, eller kanskje konserten på Quart-festivalen året etter. Del Naja beklagar seg, og innrømmer at det er vanskeleg å hugse alt. – As you get older, you tend to forget things! Sjølv om Del Naja har gløymt Oslo, tek konserten seg likevel opp til eit høgt nivå. Reggea-artisten Horace Andy, med si upåklagelege karakteristiske stemme, gjer ”Angel” akkurat slik som den bør for å bringe tilbake stemninga frå det kritikarroste ”Mezzanine”.   Deborah Miller framfører “Safe From Harm” med ei stemme som få kan måle seg med, før gjengen deretter går av scena for så å kome tilbake igjen etter ein applaus som ikkje fortel anna enn ”kom tilbake på scena, no!”

Nytt materiale
Eit par minutt seinare er dei tilbake på scena. Horace Andy er med på å presentere det nye materialet til bandet saman med Grantley Marshall. Det første ekstranummeret er tittellåta ”Splitting the Atom” frå albumet ”Splitting the Atom” som kjem ut i år. Det er det første albumet Massive Attack gir ut sidan 100th Window som no er seks år gammalt. Låta er for dei fleste ukjent, men Andy og Marshall, saman med resten av bandet, viser kjapt at Massive Attack er tilbake, og vi har mykje å gle oss til.  Finalen er upåklageleg. Deboarh Miller imponerer nok ein gong med ”Unfinished Sympathy” før dei byggjer opp til eit show av eit klimaks med det som skal vere den siste låta, ”Marakesh”, og kjem tilbake med ”Karmacoma” frå 1994 som får det sittande publikumet på galleriet til å reise seg og klappe i takt frå starten av låta til lenge etter bandet har gått av scena.

Fornøgde artistar
I følgje bookingbyrået Goldstar Music var artistane sjølve veldig fornøgde med konserten og mottakinga frå publikum. – Dei var veldig glade for å ha opptredd på Sentrum Scene. Det var godt med ei mindre scene i motsetning til dei store konserthallane dei elles opptrer på. – Ei så lita scene gjorde at bandet følte at dei fekk god kontakt med publikum, noko som verka positivt begge vegar.

Det kan underteikna seie seg einig i. Ein knall konsert var det, og absolutt ei konsertoppleving ein må leite lenge etter.

ipod