For tredje år på rad arrangerast Bønder i byen-festivalen på Gamla i Oslo. Arrangørane, Hamar-bandet Firetop Mountain, gler seg til det som skal vere eit motkrasj til dei “hippe” festivalane i Oslo.
30. oktober skal fire band frå ”landet” på scena under Bønder i byen-festivalen. I år er det ”bøndene” The Generous Days, Valsava, The Vineyards og arrangørane sjølve, Firetop Mountain som skal stå på scena. Festivalen sitt mål er å promotere band og artistar som kjem utanbys frå. – Vi kommer egentlig fra Hamar, så vi følte oss litt som bønder i by’n. Det er mange hippe festivaler i Oslo, og for å få lage en motkrasj kom vi opp med idéen om Bønder i byen, fortel Michael Stensen Sollien i Firetop Mountain.
Kvalitetsbevisst publikum
Formålet er å lage ein spennande kveld for både byfolk og innflyttarar, der spennande band kan bli presentert for publikum. Banda som vert booka inn er band arrangørane kjenner litt frå før av. Dei har også spelt litt saman med banda som står på programmet i år.
Kjartan Dannatt, bassist i The Vineyards, syns det er hyggjeleg med ein festival for mindre indie- og rockeband: det fins det ikkje så mange av. Bønder i byen er for kvalitetsbevisste publikumarar, seier Dannatt. Vi spelte i fjor, noko som var veldig kjekt. Gamla er topp scene, og nokon av oss føler seg også som bønder i byen, og det blir ekstra kjekt å vere med på ein slik festival, ler Dannatt.
– Det blir på en måte som en klassereunion for folk som ikke bor i Oslo: Bønder i byen er egentlig en bandkveld der man møter mange kjente. Men det kjem også anna publikum innom festivalen som er ute etter nye konsertopplevingar, understrekar Sollien.
Sjølv om fire band står på programmet, er festivalen arrangert utan støtte eller midlar frå utanforståande. – Det går fra egen lomme, men jeg kan ikke si at det går i dundrande minus, ler Sollien. Han legg til at besøkstalet var høgare i fjor enn året før, og håpar at trenden vil fortsette. – Vi håper jo at enda flere skal komme i år!
– I fjor hadde vi noen som delte ut spekemat fra scena. Kanskje noen tar med seg noen lokale retter fra bygda de kommer fra? Bønder i Byen skal vere scena som krasjar med dei hippe festivalane sine kleskodar, og om ein er lei av det store motekjøret er Bønder i Byen staden ein kan kle seg akkurat som ein vil. – Om man er litt lei av det store hypejaget og motekjøret, så er Bønder i Byen det stedet i Oslo man kan rocke i felleskjøpsdressen sin, seier Sollien.
The Vineyards har ikkje spekemat å by på, men vil likevel lokke publikum til Gamla 30. Oktober: – Dette blir ei anledning til å få høyre nokon friske låtar! Og Bønder i Byen er absolutt eit av dei betre alternativa der du kan få sjå så mange bra band til ein rimelig penge! konstaterer Dannatt.













