Første antydinga til den “kalde hausten” kom til Oslo i kveld. Regn og vind i mørket. Nokon tek det med ei klype salt, andre ikkje. Uansett kva du gjer, ikkje fortvil! Musikk-hausten har mange godbitar å sjå fram til, og det er berre å starte med å glede deg! Torsdag bør du aktivisere deg, Bob Hund er tilbake i Tigerstaden! Det svenske bandet med gromlåtar som ‘Tinnitus i hjärtat’, ‘Folkmusik för folk som inte kan bete sig som folk’ og ‘Världens bästa dåliga låt’ stiller opp på Det Norske Studentersamfundet torsdag 1 oktober. For de som er i tvil då konserten skulle vere i Storsalen, med sitteplassar, treng du ei å vere i tvil lenger. Etter etterspurnad frå fansen har konserten blitt flytta frå Storsalen, til dansbare Betong, no fins der ingen unskuldningar! Hiv deg om og kom deg på dansefot, torsdag!

Fins det nokon betre måte å starte oktober på?