Åge Aleksandersen

Som barn vart Åge Aleksandersen erklært umusikalsk av dirigenten i skulekorpset. I dag har Åge selt i overkant av 1,5 millionar plater og spelar for to utselde konsertar i Oslo.

Solskinsdagen lyser opp dei svarte skinnjakkene som er på veg ut av bussen på Grand Hotell. Nokon har solbriller på, andre myser mot sola som set stemninga på Karl Johan. Ei ung dame, med brunt langt hår og gyllen hud stiller seg opp ved sidan av mannen med dei runde solbrillene og spør høfleg om han ver så snill  kan ta eit bilete saman med henne. Åge Aleksandersen og Sambandet har kome til helga sin destinasjon, Oslo. Her skal dei spele to utselde konsertar på Rockefeller. – Gi meg fem minutt, så er eg klar for intervjuet. Han er 60 år, men stram som få.

Erklært umusikalsk
Som barn vaks Åge opp i ein svært musikalsk familie. – Der var fiolin, hardingfele, trekkspel – musikk over alt, heile tida. Åge fortel om starten av si musikalske karriere, då spelte han b-kornett i korpset. Etter første øvinga hadde dirigenten gitt klar beskjed til mor Inger. – Åge er totalt umusikalsk! Han bør nok satse på idrett, sa dirigenten.  Trass at Aleksandersen kunne alle  låtane på gehør, var det notelesing som skulle definere talentet. Heldigvis fekk Åge motbevist dette. Etter fleirfaldige år bransjen har han gitt ut heile 30 album, og i tillegg til dette fem album med bandet The Prudence som vart oppløyst i 1976. Til saman har han selt  om lag 1,5 millionar plater!

– Kva er det som gjev deg inspirasjonen til å stadig utvikle deg og skape ny musikk?  – Det er berre å sjå ut på gata det. Den norske kvardagen, det vakre, det heslege, alt auget ser, alt øyret høyrer, ting eg les. Å observere enkeltindividet, korleis samfunnet er mot enkeltindividet, og korleis enkeltindividet er mot enkeltindividet. Vidare påpeikar Aleksandersen den sjølvsagte inspirasjonen, kjærleiken, og kor komplisert den kan vere.  – Tematisk sett har eg alltid skrive om det same, men no som eg er 60 har eg også opplevd meir enn tidlegare, og utvikla andre utgangspunkt for tema.

Aleksandersen var modig då han kasta seg ut i det musikalske yrket. På den tid hadde han berre lest om musikarar som hadde gjort det same. Det var ingen i Noreg han kunne samanlikne seg med, og det var liten sosial aksept på å satse på musikk som yrke. – Det var kjempeskummelt! Det gjekk frå å vere ein draum til å bli ein besettelse, musikken vart noko som eg berre måtte gjere!

Ein skulle tru at iveren på scena gradvis ville roa seg etter all erfaringa Aleksandersen har fått. Men når han snakkar om scenelivet skin han.
Eg har framleis den kjensla eg hadde dår eg var 14 og stod på scena.  Publikum er forskjelleg kvar einaste konsert! Åge påpeikar kor glad han er i jobben sin. – Tenk å kunne glede seg slik til jobb, at eg kan gå på jobb med så mykje positive greier! Vi får arbeide med hobbyen vår!  Det er ikkje alle som har det sånn. Det er ikkje alle som har ein jobb dei har som dei synes er så kjekk, eller kjekk i det heile. Og tenk for eit privilegium, at folk til og med klappar for deg når du har gjort jobben din!

Musikalske skattar
Gjennom tida som musikar er det vanskeleg å peike ut noko som har prega han meir enn anna, kva som har vore den største opplevinga. – Sidan 1969, den første turneen, er det summen av alt eg har opplevd som har sett spora i meg. Å få møte så mange fantastiske menneske her i landet.  Det er kjekt å kjenne igjen ansikt, å få møte eit så stort og trufast publikum! Eg har fått bli kjend med landet, og eg kunne lett tatt meg jobb som guide, ler Åge.  Han fortel om alle stadane han reist til og ser ut i rommet med like fornøgde som drøymande auger. Det er ikkje tvil om at han ser det vakre i Noreg.  Noko av det er dei små musikalske skattane Noreg har å by på, dei mindre musikkfestivalane der ein kan oppdage ny musikk, nye band – eit avbrekk av det han kallar ”merkelappband”.  Han nemner Quartfestivalen med ei krass stemme. Åge tvilar på kva kunnskap mannskapet kan stå inne med når dei ikkje ein gong kan telje til ti.   – Slike tullefestivalar! Dei kan ikkje rekne ein gong, det er ikkje rart dei går konkurs! Han vert mildare i blikket når emnet går tilbake til dei små festivalane. – Det er kjekt å få høyre unge band, nye talent. Det beste er å vere på festivalar som er ein musikalsk fristad, og ikkje kaste vekk tid på kommersielle festivalar. Det var på ein slik liten festival eg fekk sjå Skambankt! Svinbra!

Åge er ikkje bekymra
for etterveksten av den norske musikken. – Kaizers Orchestra, Vamp, det er mykje bra på norsk! Sjølv har Aleksandersen heldt seg til det norske språket mesteparten av si musikalske karriere. Han smiler ironisk. – Det er eit språk alle kan forholde seg til. Og det har han nok heilt rett i. Åge Aleksandersen har skapt musikk som alle kan forholde seg til. Musikken hans  er av det få slaget, av det slaget ein kan bruke til alt. Han har laga musikk som nesten vert ”pensum” i det norske livet, frå vogga til grava. Vi har nok alle vore der, i ein eller annan samanheng, der leppene våre har forma ord som Åge ein gong har sett saman til betydningsfull musikk , utan å vere klar over omfanget det seinare ville få.  – Veit du, det er verkelig det finaste ein songskrivar kan få, at musikken ein lagar får eit slikt omfang, at den vert brukt frå vogga til grava. Eg må sjå på han to gonger. Det er sjeldan ein får sjå rett i auga på det som kan definerast som takknemligheit.

”Trønderrockens far” sin telefon ringer
og det er tydeleg at dagen har eit tett skjema. Det er nok av dei hektiske dagane i Åge sitt liv, Oslo er berre ein av over 30 byar som får/har fått besøk av Åge og Sambandet på turneen dei no er på.  – Om Åge har ein favorittstad å spele på, kan han ikkje svare på. – I forgår hadde eg mitt livs viktigaste opptreden, i går på Hamar hadde eg mitt livs viktigaste opptreden. I dag skal eg ha mitt livs viktigaste opptreden, og i morgon skal eg ha mitt livs viktigaste opptreden… Neste år vert arbeidet lagt meir på den kreative sida, fortel Aleksandersen. Framover skal Åge Aleksandersen og Sambandet arbeide med nytt materiale – I november 2010 går vi i studio for å jobbe med det nye albumet! Rundt vårtider i 2011 skal det ferdige produktet vere klart, seier Åge og reiser seg opp for å ta seg ein røyk.