
Denne artikkelen har blitt til for å forberede deg på det som kjem til å skje. The Pink Robots vil ta over store deler av hjernen din. Du vil synge konstant på låtane dei har laga. Neste festivalsommar vil du sjå at dei står på dei fleste festivalane sin line-up. Du vil la deg sjarmere av dei jordnære Selje-væringane, og du vil forelske deg i Line Dybedal Vederhus.
Men kven er no desse som vil fortrylle deg med pop-rocken som ikkje vil forsvinne frå minnet ditt? Namna er Hans Christian Helgesen, John-Erik Åhjem, Line Dybedal Vederhus, Jens Petter Haugan og Christoffer Vighals Smedaas. Dei har spelt saman sidan sommaren 2006, men med navnet ’Joe Frog’. Det var først i vinter dei gjekk inn for tittelen ’The Pink Robots’ og omtalar seg slik på MySpace; ” …There is only one thing, we are not good, or evil, we are only programmed to make the human race feel better, through music we are programmed to play. You should figure by now that we are not made in China. Kinda weird, our music makes even us feel something good, and we were programmed to feel nothing at all.” Det er ikkje tvil i om at dei har rett i det dei skriv her. Eg kan tenkje meg at dei kan få den hardaste nøtta til å føle seg bra ved å høyre på musikken deira.
Made in China er dei heller ikkje. Sjølv om dei har base i Bergen, og mange vil sjå på dei som endå eit tilskot i den kjende Bergensbølgja, vil Hans Christian understreke at det ikkje er den bølgja dei surfar på. – Vi surfar ikkje på Bergensbølgja! Det er viktig å få fram at det er Selje-bølgja vi surfar på. Det er det som skil oss frå dei andre, ler vokalisten. Vidare fortel han korleis dei endeleg har funne eit uttrykk som alle fem kan stå for, og som er ei blanding av dei ulike preferansane deira. Alle er einige om at dei lagar musikk som alle trivst med å spele, og som alle er genuint stolte av.
The Pink Robots leverer pop-rock som er nyskapande, men likevel kjend på same tid. Dei har funne ein stil som er sjeldan kost her, men ”i straumen” i England, noko som også vil blomstre Noreg. Gjengen på fem har klart å mikse ein stil som er det beste av det gamle, og det fengande av framtida.
I eit og eit halvt år har dei vore på det dei omtalar som ei musikalsk reise der alle saman har bidrege med ulike deler til musikken deira. Då det kjem til spørsmålet om korleis dei kjem opp med idéane til låtane sine fortel dei ivrig om dei ulike prosessane. – Det er når vi tullespelar at dei fleste låtane dukkar opp, når vi er heilt avslappa og ikkje stressar med å få til noko eksakt. Hans Christian smiler lurt og fortel vidare at deler av ’Curly Hair’ vart til då han stelte i fjøsen. Men det var på den tida Captain Jack, ein bukk som tydeligvis var ganske inspirerande, levde. Men som dei fleste andre er dei også produktive i jamming. ’The Knife’ er eit døme på dette.
Med ’Curly Hair’ som ei av fleire låtar dei posta på Urørt sine sider, vart dei stemt fram til å spele på Norwegian Wood si Underwood-scene. (http://www1.nrk.no/nett-tv/klipp/503572) Dette er dei svært takknemlige for, og vil påpeike at dei vil takke alle som har stemt dei fram. – Det er utruleg kor interessa for The Pink Robots har eksplodert. Vi hadde ikkje trudd at MySpace-profilen vår skulle få så mange treff, men det ser ut som om musikken vår har falt i smak. Per dags dato har The Pink Robots i underkant av 60.000 treff på sida si, og dette berre sidan 23. februar i år!
Det er mykje The Pink Robots ikkje kan fortelje meg, men dei kan love at det vil skje mykje spennande framover. Deriblant vert det plateslepp i slutten av januar, noko vi alle kan gle oss til. – Det kjem nok ein video også, men kan ikkje love kva tid det vil skje. Det står mykje forskjelleg på programmet, og vi gler oss! På spørsmålet om dei kjem til å ta over verda med musikken sin, smiler dei berre lurt og ler. – Vi kjem nok ikkje til å ta over verda, men vi er spente på korleis det går med platesleppet, smiler bandet med dei sprudlande gutane og jenta som eg har kåra til Noregs penaste og mest sjarmerande vesen.













